
Klubbmesterskapet 2019 - Resultater
I pøsende regn, orkan fra USA og dammer man kunne svømme i, deltok en liten flokk av de ivrigste spillere fra Flaktveit i det årlige klubbmesterskap.
Her kommer en rapport fra Rune Nøstdal:
Årets klubbmeisterskap i Flaktveit Frisbeegolf går inn i historiebøkene med havarerte paraplyar og kalde nevar. Likevel trur vi alle sit att med gode minne og artige/smårare opplevingar i dønningane etter Dorian😉
For dei yngste var det kortbane-speling på #1-6 i parken. Det vart klubbdiskar i premie til alle 14. Utruleg kjekt at så mange stilte. Vi håpar fleire av dei blir å sjå i parken med disken sin framover.
I turneringa for dei litt eldre, inkludert juniorar, vart det spelt 1x18 med ein noko amputert finale på 6 korger.
Junior-klassa vart vunnen av Thorstein. Gratuler så mykje😀
Vibeke Mjøs vann kvinneklassa og var endå meir fornøgd enn i fjor. Gratulerer så mykje😀 Fjorårets vinnar, Jeanette Ølnes Amundsen, vart sjuk og måtte trekke seg rett før, dessverre.
I herreklassa vart det siger til Tor Andre Eriksen, med Tommy Nesse og Eirik Nybakken bak seg. Trass vind og regn klarte denne trioen seg med + 8, 11 og 16 kast💪
Fjorårets vinnar, Øyvind Haugland, stilte i shorts. Vi trur ikkje det er forklaringa på den heller beskjedne plasseringa hans i år. Ville berre nemne det😉
Takk for ein fin kveld i Vi bryr oss-salen etter kastinga. Mellom anna fekk Sten Kristian Fagernes vist seg som ein framifrå QuizMaster og Trond Mjøs hadde laga til ein gøyal parkast-konkurranse i hallen.
Det er plass til fleire i denne sporten. Bana på Flaktveit er open for alle og om du vil prøve frisbeegolf er du hjarteleg velkomen til oss!
Siste i Nyheter
