
Valgets Kval, 9. september 2019
Kan ikkje frisbeegolf sette politikk på dagsorden, seier du? Ein del av oss korta ned ventinga på valresultatet med pop-up-turneringa «Valgets kval». Ingen fekk bruke meir enn ein disk og gjerne med farge etter politisk preferanse😀Heile 11 stilte på kort varsel, mellom anna frå Stormkast.
Fin bukett - Foto: Øystein Mongstad
Tor Andre Eriksen, Christer Gilbert og Trond Mjøs tok dei tre første plassane. Førstnemnde fekk ein valgfri disk -i valfri farge- i premie.